AVLYST: Boklansering: "Navnet forplikter"

Rosendal Teater Apning018

AVLYST: Boklansering: "Navnet forplikter"

av Melanie Fieldseth

13. november kl 15:00

Visninger

  • Lørdag 13. november, 15:00

    Sal 2

    Gratis!

Pris:

Gratis!

Varighet

Ca. 2 timer

Medvirkende

Endeleg er ho ferdig: boka om Avant Garden!

Etter å ha gått igjennom kvar lapp som er arkivert, etter mange lange intervju og samtaler med folk som har vore med på vegen. Forfattar Melanie Fieldseth skildrar reisa dit huset er i dag gjennom fire ulike fasar. Og det er mange som har vore med og skapt den institusjonen teaterhuset har blitt. Dei frie gruppene som starta det heile i 1984, kunstnarar som har bidratt med sine verk og forestillingar i alle dei åra huset har eksistert, politikarar som lytta då det trengtest, folk som har ytt motstand mot eller endra kursen for kva Avant Garden skulle vere. Og to ulike hus har teaterhuset budd i på vegen. Denne dagen feirar vi historia til Teaterhuset Avant Garden som fylte 35 år same år som det skifta namn og flytta til Rosendal Teater. Det blir samtaler frå scena og mimring for dei som har lyst til det. Og ei rein feiring av ei reise som ikkje har slutta enno.