Rosendal Teater tek imot søknader til prosjekt som skal gjennomførast 2028 eller seinare. For å kunne gje alle svar før jul ønskjer vi søknader inn før 30. november.
Dette treng vi frå deg:
Send oss gjerne full søknadstekst med budsjett - sjølv om denne framleis ikkje er ferdig gjennomarbeida. Vi veit at det er lenge til innsending!
Som eitt minstekrav treng vi ei prosjektskildring som gjev oss innsikt i kva du skal jobbe med, di kunstnariske tilnærming til prosjektet og oversikt over kven som er involverte. I tillegg treng vi ei omtrentleg tidslinje for gjennomføring.
Tekst kan vere på norsk eller engelsk.
Send søknaden din før 30.november til kunstnerisk@rosendal.no
Merk søknaden "Søknad om co-produksjon januar 2027"
Søkarar vil få svar seinast 17. desember for å gjere det mogleg for søkarar å kunne ta juleferie før søknader blir ferdigstilt.
Besøk oss
Rosendal Teater
Innherredsveien 73
7068 Trondheim
Få med deg det som skjer i tide!
Design og nettside av Skogen