EN
Meny
O p e n
c a l l
f o r
c o - p r o d u k s j o n a r
Ser du etter co-produsentar til ditt neste prosjekt og planlegg å søke Kulturrådet i september?

Rosendal Teater tek imot søknader til prosjekt som skal gjennomførast i 2028 eller seinare.

Dette treng vi frå deg:

Som eitt minstekrav treng vi ei prosjektskildring som gjev oss innsikt i kva du skal jobbe med, di kunstnariske tilnærming til prosjektet, oversikt over kven som er involverte og eitt par ord om kvifor du vil samarbeide med Rosendal Teater. I tillegg treng vi ei omtrentleg tidslinje for gjennomføring.

Send oss gjerne full søknadstekst med budsjett – det gjer ingenting om denne framleis ikkje er ferdig gjennomarbeida.

Tekst kan vere på norsk eller engelsk.

Send søknaden din før 10. august til kunstnerisk@rosendalteater.no.

Merk søknaden "Søknad om co-produksjon H-2026"

Søkarar vil få svar seinast 4. september for å kunne ferdigstille søknad før fristen 15. september. Gje oss beskjed om du jobbar mot andre søknadsfristar.

Rosendal Teater

Besøk oss

Rosendal Teater

Innherredsveien 73

7068 Trondheim

Følg oss

Design og nettside av Skogen