Døden i Venezia
Av Ymist
Korleis kan vi unngå å agera når avgrunnen gapande trugar rett framfor oss?
Verda vaklar, uroa og redsla snik seg på. Men påverkar dette oss eigentleg? Får det oss til å handla? Gustav von Aschenbach i Thomas Manns Døden i Venezia gjer som mange av oss: Han spring heim og bestiller ferie til Syden.
Framsyninga undersøker eit menneske som nektar å erkjenne at døden har inntatt manesjen, og som heller søkjer sjølvbedrag og begjær. Gjennom eit samspel mellom distansert tekst, brutalt koreografisk materiale og eit forførande musikalsk uttrykk, blir denne menneskelege tilstanden utforska.
Ymist arbeider i eit scenisk språkområde der koreografert rørsle er like viktig som talte ord. Skodespelaren sin kropp, stemme og fysikk blir eit kunstnarisk brennpunkt, og elementa utfordrar kvarandre i staden for å illustrere. Med ikkje-dramatiske, litterære tekstar som utgangspunkt er målet å gje litteraturen kropp og å gje teksten sin materialitet ei fysisk form.
Kunstnersamtale onsdag 2. april
Etter forestillingen onsdag 2. april vil det være en samtale i salen med kompaniet Ymist. Samtalen vil fasiliteres av kuraterende dramaturg Guro Hustad Stugu.
Forfattar | Thomas Mann |
Forlag | S. Fischer Verlag GmbH, Frankfurt am Main, Germany. © |
Oversetter | Geir Pollen |
Forlag i Noreg | Skald |
Dramaisert av | Oda Radoor |
Koreograf og regissør | Erlend Samnøen |
Utøvarar | Morten Espeland, Erik Rulin, Nils Jakob Langvik |
Komponist | Nils Jakob Langvik |
Scenograf | Kjersti Alm Eriksen |
Ljosdesignar | Ingeborg Staxrud Olerud |
Kostymedesignar | Ane Ledang Aasheim |
Dramaturg | Oda Radoor |
Teknikar | Daria Zarbeeva |
Produsent | Emilie Mordal |
Støtta av | Norsk Kulturfond – Fond for fri scenekunst og Komposisjon og produksjon av musikk, Fond for lyd og bilde, Fritt Ord, Bergesenstiftelsen og Fond for utøvende kunstnere. |
Co-produsentar | Black Box Teater, Tou, Rosendal Teater |
Betal det du kan 1 | 280,- |
Betal det du kan 2 | 230,- |
Betal det du kan 3 | 160,- |
Betal det du kan 4 | 110,- |
Betal det du kan 5 | 80,- |
Solidaritetsbillett | 400,- |