Scenekunstnarar, musikarar, biletkunstnarar og andre som jobbar med tidsbasert eller relasjonell kunst på ulike måter er velkomne til å søke.
Vi kjem til å prioritere prosjekt med lokal forankring og prosjekt som på ein eller annan måte arbeider med berekraft, men tek imot andre om vi har plass.
Tidsrame for arbeidsperiode: 1-2 veker
Prosjekt i alle faser av utvikling er velkomne til å søke, men prøvesal er ikkje egna til å sluttstille prosjekt då lys og lydrigg er fast i salen og kjem til å vere standard for prosjekt vi tek inn gjennom denne ordninga.Det går å få til ei deling eller visning for inviterte før slutten av prøveperioden.Kompaniet må sjølv søke om støtte til honorar, ev reise og opphald og andre utlegg til prosjektet.
Dette treng vi å vete:
- Kven er du?
- Kven skal du eventuelt arbeide med?
- Kva vil du gjere hos oss?
Legg ved prosjektskildring og nokre ord om kva vil du bruke arbeidsperioden til?
Kva for periode eller periodar under er relevant for deg/dykk?
- 30.09 – 11.10
- 14.10 – 25.10
- 29.10 – 8.11
- Send søknad til guro@rosendalteater.no før 2. august.
Besøk oss
Rosendal Teater
Innherredsveien 73
7068 Trondheim
Få med deg det som skjer i tide!
Design og nettside av Skogen