EN
Meny

Multiplié: Kalokagathia

av Jonas Øren (NO)

Spekulativ og spektakulær glamour

Varighet: 80 min
Suksess legg premisset for handlinga i ei framsyning som ikkje kan anna enn å strekkje seg mot glamour og det spekulativt spektakulære.
+ Tilgjengelighet: Tegnspråktolkes på norsk

I Kalokagathia møtast fem utøvarar i ei blanding av dans, levande musikk, tekst, motekolleksjon, tekstilinstallasjonar, levande tablå og superheltkostyme.

Det gammelgreske uttrykket kalokagathia skildrar ein samanheng mellom moralsk stordom og vakker utsjånad – eit giftig faktum som har fylgt menneska frå antikken til i dag. Framsyninga skildrar ulike suksesskroppar i ulike suksesscenario: På ein raud løpar, ein popkonsert, ei prisutdeling, ei motevisning og ei galleriopning. Suksesskroppane er på den eine sida frigjerande og oppbyggjande, men samstundes grufulle, giftige og uoppnåelege.

Kalokagatia, (af gr. kalokagathia, af kalos 'smuk', kai 'og' og
agathos 'god'), et gammelt attisk gentleman-ideal, der sigter mod at
gøre mennesket "smukt" og "godt" på krop og sjæl, dvs. bygger på
sammenhængen mellem fysisk og psykisk "skønhed". Ofte
associeredes idealet med konservative moralforskrifter.”
- Danske ordbog

Kunstnarane i Kalokagathia trekkast mot idealdyrking, kynisme og alt som er overflatisk. Dei er interesserte i framstillinga av idolet. Korleis verka kroppsideal inn på måtane vi rører oss på? Glamour og forføring gjer at vi kopierer og imiterer kvarandre. I Kalokagathia samplar dei lyden av suksess og spør: Korleis speglar vi oss i menneska vi ser opp til, og kvifor gjer vi desse kroppsbileta om til ein del av vår eigen identitet?

«Vi idealiserer somme menneske og trekkjer oss vekk i frå andre, eit menneskeleg instinkt som handlar om å passe inn ved å måle seg med dei i stammen som er «best» i det dei gjer. Kva oppgåver blir gitt verdi i samfunnet hjå i dag? Korleis koreograferer dette oss? Kalokagathia undersøkjer imitasjon av samtidas og suksessfokus i samtida, samstundes gir framsyninga eit skråblikk på kva som blir gitt verdi i dagens samfunn.»

Mats Høstaker og Maya Vik har skapt eit musikkverk som bygger på formene til eit dekonstruert pop-album. Musikken er inspirert av hyper-pop som kjenneteiknast ved å spele på lett gjenkjennelege tyggegummi-pop-klisjear, blanda med eit lydbilete som yter motstand og forvirrar – stygt og pent på same tid. Designar og kunstnar Anne Karine Thorbjørnsen har skapt kostymer og scenografi som tek utgangspunkt i draperi og folder – inspirert av antikke skulpturar, moten av samtida og superheltar.

Medvirkende
Dans, koreografi, tekst og kunstnarisk leiing Jonas Øren
Dans Ulf Nilseng, Jessica Lauren Elizabeth Taylor, Ayesha Jordan & Helge Freiberg
Komponist: Mats Høstaker
Song og tekst Maya Vik
Lysdesign: Yasin Gyltepe
Kostyme og scenografi: Anne Karine Thorbjørnsen
Lydteknikar: Ragnhild Nelvik Bruseth
Produsent: Ingeborg Husbyn Aarsand
Ytre auge: Camara Lundestad Joof
Co-produsert av: Dansens Hus, DansiT, RAS, Sprang Landsdelscene, Dansekunst i Østfold, Bergen Dansesenter Sprang Landsdelscene, Dansekunst i Østfold, Østfold Internasjonale Teater & Bergen Dansesenter
Støtta av: Kulturrådet (NKF – Fri scenekunst Prosjektstøtte dans og Komposisjon og produksjon av musikk), FFUK
Billettpriser
Nivå 1 250,-
Nivå 2 200,-
Nivå 3 150,-
Nivå 4 100,-
Nivå 5 75,-
Solidaritetsbillett (Betal litt ekstra for at de som ikke har mulighet kan betale mindre) 400,-

Multiplié dansefestival 2024

Rosendal Teater

Besøk oss

Rosendal Teater holder til på Rosendal i Østbyen, på andre siden av krysset for Lademoen kirke når man kommer fra Midtbyen. Nærmeste bussholdeplass er Buran. Sykkelparkering mot bensinstasjonen.

Følg oss

Få med deg det som skjer i tide!

Design og nettside av Skogen